Geitost i varm butterdeig med honning



Ta nokre konvoluttar med frosen butterdeig frå butikken. La disse få tine nokre minuttar på kjøkkenbenken. Skjer opp bitar av kvit geitost og rull dei inn i butterdeigen. Lukk ”konvolutten” ved å stikke litt langs kanten med ein skarp kniv, og bruk nokre egg for å få ei fin og gyllen overflate. Sett det heile inn i steikeovnen på 200° C i 10 minutt. Hell deretter litt honning over og sett snadderet inn i ovnen i eit par minutt til. Pynt tallerkane med litt grønt og server.

Dette er ein lekker forrett til ditt heimelaga festmåltid!