I den vesle gardsbutikken vår sel me alle
dei nydelege ostane me lagar på Myrdal Gard.
Frå små gåvepakkar og vakuumpakka stykker,
til heile ostar; me har alle storleikar.

 

Me sel også den heimelaga gardsiskremen vår, i ulike smakar som vanilje, sjokolade og jordbær.  Mjølka me brukar til å laga iskremen kjem frå kyrne på nabogarden.

 

Viss du har lyst til å prøva noko nytt, kan du velja iskremen som er laga av geitemjølk. Du kan få den i ulike smakar, og den er eit godt alternativ for dei
som er allergiske mot kumjølk.

 

Av andre produkt i gardsbutikken,
har me alt frå ulike osteknivar, til produkt av
sesongbaserte grønsaker frå drivhuset og
grønsakshagen, egg frå dei frittgåande
hønene våre, og mange andre kjekke
«gardsting» og produkt. Stikk innom for
å sjå kva me har i butikken denne veka.

 


Gardsbutikken er open
kvar dag for sjølvbetening.

 

Osten vår vert også selt i mange av
butikkjedene i Hordaland, i avdelinga
for lokal mat.

Kvalitetsost frå Tysnes

Produksjon av nettside: bladet Tysnes Foto: Camilla Korsnes