Landskap og gardsdrift gjennom tidane

Myrdal er den einaste store fjellgarden på Tysnes. På 230 meters høgd kjem fleire elvar frå fjellet saman og har gjennom tidane vore med å forme landskapet. Deler av dalen ligg lavt i terrenget som former eit vått område kor av namnet myr-dal. Det finnes mange forskjellige jordtypar og ulike typar vekstar i dalen. Det finnes større områder med diverse skogtypar som gran-furu og bjørk men også bratte lier og fjell med mange forskjellige plantar og buskar. Den varierte naturen skaper eit godt grunnlag for godt beite og god mjølk.



Aust i dalen ligg Myrdalsvatnet, ein liten innsjø med rikt dyreliv og særs godt fiske av aure. Fiske er mogleg etter avtale. Vatnet forsyner ei av dei største elvane som herfrå renn ned til Bjørnefjorden. Dalen har eit ope landskap i midten der garden ligg. Garden er på 154 dekar dyrka jord og om lag 1500 dekar utmark. Alt i alt har Myrdal ei god samling i miniatyr av dei fleste typane vestlandsnatur.



I gamle dagar var det opp til fire gardar i Myrdal. Alle med forskjellig dyrehald frå sau til geit, kyr, hest og gris, som alle var med å pleie landskapet. Plassen var også viktig lokalsamfunnet i forbindelse med seterdrift og den gamle presta-sætra. Naturen har ikkje forandra seg så mykje, men i den moderne tida finnes det no bare ein gard i Myrdal.